Bratislava er hovudstaden og den største byen i Slovakia. I 2009 hadde byen om lag 430 000 innbyggjarar. Byen ligg heilt sørvest i landet, rett ved grensa til Austerrike og Ungarn. Byen er delt i to av Donau. Bratislava og Wien er dei to hovudstadane i Europa som ligg nærast kvarandre, mindre enn 60 km.
Bratislava er det politiske, kulturelle og økonomiske senteret i Slovakia. Den slovakiske presidenten sit her i lag med parlamentet og andre greiner av regjeringa. Her ligg fleire universitet, museum, teater, galleri og andre viktige kultur- og utdanningsinstitusjonar. Mange av dei største føretaka og finansinstitusjonane har hovudkvarter i Bratislava.
Historia til byen, som lenge var kjend under det tyske namnet Pressburg og det ungarske Pozsony, har vore sterkt påverka av forskjellige nasjonar, nemleg austerrikarar, tsjekkarar, tyskarar, ungarar, jødar og slovakar. Byen var hovudstad i Kongedømet Ungarn under Habsburgmonarkiet frå 1536 til 1783, og har vore heimstad for mange slovakiske, ungarske og tyske historiske personar.
Det mest dominerande bygget er Bratislavský hrad – Bratislava slott – som ligg på ei høgd med utsikt over byen. Bratislava har ein gamleby med mange kulturelle institusjonar.
Namn Bratislava fekk det noverande namnet sitt 6. mars 1919, men har vore kjend under mange andre namn på forskjellige språk gjennom historia. Det første nedskrivne namnet, på 900-talet i Annales Iuvavenses, var Brezalauspurc. Andre kjende alternative namn er tyske Pressburg eller Preßburg (framleis nytta av tysktalande land i dag, hovudsakleg Austerrike, og ikkje så ofte i Tyskland), ungarske Pozsony (framleis nytta i Ungarn i dag) og det tidlegare slovakiske namnet Prešporok.
Andre namn er eller var: gresk Istropolis (tyder «Donaubyen», Donau heiter Ister på latin), tsjekkisk Prešpurk, fransk Presbourg, italiensk Presburgo, latinsk Posonium, kroatisk Požun.
Historie mini|venstre|Ein original Biatec og etterlikninga på ein moderne 5-koruna-mynt. Den første kjende busetnaden i området byrja med Den bandkeramiske kulturen, rundt 5000 f.Kr. i steinalderen. Om lag år 200 f.Kr. slo dei keltiske boiane seg ned i området og bygde ein festningsby, ein oppidum, der dei prega sine eigne sølv myntar kalla biatec. Området kom under Romarriket i det første hundreåret e.Kr. og fram til 300-talet, og danna ein del av forsvarssystemet Limes Romanus.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 73 Romarane introduserte vindyrking for området og starta ein tradisjon som framleis finst her.
Slavarane kom hit mellom 400- og 500-talet under folkevandringstidaKováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 90 Som svar på dei kraftige åtaka frå avarane, gjorde dei lokale slaviske folkegruppene opprør og oppretta Samoriket (623–658), den første kjende slaviske politiske eininga. På 800-talet vart borgene i Bratislava (Brezalauspurc) og Devín (Dowina) viktige senter for dei slaviske statane Fyrstedømet Nitra og Stor-Mähren.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 95 Ein har derimot ikkje funne tydelege spor etter dei to borgene som festningar i Stor-Mähren. Den første skrivne kjelda som nemner byen daterer seg til år 907 og er knytt til eit slag der den bayerske armeen var slått av den ungarske og er knytt til Stor-Mähren sitt fall under åtaka til ungarane.Špiesz, «Bratislava v stredoveku», s. 9
mini|Pressburg/Pozsony på 1600-talet.
På 900-talet vart området rundt Pressburg (som seinare vart grevskapet Pozsony) ein del av Ungarn (kalla Kongedømet Ungarn frå 1000) og vart eit viktig økonomisk og administrativt senter ved grensa til kongedømet. Denne strategiske plasseringa gjorde at byen ofte var utsett for åtak og slag, men førte òg med seg økonomisk utvikling og høg politisk status. Pozsony fekk dei første kjende byrettane i 1291 av den ungarske kongen Andreas III,Špiesz, «Bratislava v stredoveku», s. 43 og vart erklært ein fri kongeleg by i 1405 av kong Sigismund av Luxemburg, som òg gav byen retten til å nytte eit eige byvåpen i 1436.Špiesz, «Bratislava v stredoveku», s. 132
Kongedømet Ungarn vart slått av Det osmanske riket i slaget ved Mohács i 1526. Etter dette omleira og øydela tyrkarane Pozsony, men klarte ikkje å erobre byen.Lacika, «Bratislava», s. 30 Etter framrykkingane til osmanarane i ungarske landområde, vart byen den nye hovudstaden i Ungarn i 1536, då han vart ein del av det habsburgske (austerrikske) monarkiet. Dette markerte starten på ein ny æra. Byen vart kroningsby og sete for kongar, erkebiskopar (1543), adelen og alle store organisasjonar og embete. Mellom 1536 og 1830 vart elleve kongar og dronningar krona i St. Martin-katedralen.Lacika, «Bratislava», s. 62 Likevel var 1600-talet prega av anti-habsburgske opprør, kampar med tyrkarane, flaum, pest og andre katastrofar.Lacika, «Bratislava», s. 31–34
venstre|mini|Pozsony på ei teikning frå 1787.
Pozsony blømde på 1700-talet under regjeringstida til Maria Teresia av Austerrike, og vart den største og viktigaste byen i området som i dag er Slovakia og Ungarn.Lacika, «Bratislava», s. 34–36 Folketalet tredobla seg og det vart bygd mange nye palass, kloster, våningshus og gater. Byen vart eit senter for det sosiale og kulturelle livet i regionen.Lacika, «Bratislava», s. 35–36 Byen vart likevel mindre viktig under styret til Josef II, sonen til Maria Teresia, særleg då kronjuvelane vart ført til Wien i 1783 i eit forsøk på å styrke samhaldet mellom Austerrike og Ungarn. Mange sentrale embete flytta då til Buda, i lag med ein stor del av adelen. Dei første avisene på ungarsk og slovakisk vart trykte her, Magyar hírmondó i 1780 og Presspurske Nowiny i 1783.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 350–351 På 1700-talet vart byen eit senter for den slovakiske nasjonalrørsla.
Historia på 1800-talet er tett knytt til store hendingar i Europa. Freden i Pressburg mellom Austerrike og Frankrike vart signert i Pozsony i 1805.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 384 Devín-borga vart lagt i ruinar av Napoleon sine franske troppar i 1809.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 385 I 1825 vart det ungarske nasjonale læringssamfunnet (dagens ungarske vitskapsakademi) grunnlagd i Pozsony med økonomisk støtte frå István Széchenyi. I 1843 vart ungarsk det offisielle språket i byen.Erzsébet Varga, «Pozsony», s. 14 (ungarsk) Som ein reaksjon på revolusjonane i 1848 signerte Ferdinand V dei såkalla aprillovene, som mellom anna avskaffa liveigenskap, i Primatpalasset.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 444 Byen valde den ungarske sida under revolusjonen, men vart erobra av austerrikarane i desember 1848.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 457 Industrien utvikla seg raskt på 1800-talet. Den første hestedregne jernbanen i Kongedømet Ungarn, frå Pozsony til Svätý Jur (då Szentgyörgy), vart bygd i 1840.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 426–427 Ei ny linje til Wien med damplokomotiv opna i 1848, og ei linje til Pest i 1850.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 451 Mange nye industri-, finans- og andre institusjonar vart grunnlagde, som til dømes den første banken i dagens Slovakia, som vart grunnlagd i 1842.Kováč et al., «Kronika Slovenska 1», s. 430 Den første permanente brua over Donau, Starý most, vart bygd i 1891.Lacika, «Bratislava», s. 41
mini|Allierte bombarderte Apolloselskapet sitt industriverk i Bratislava, september 1944.
Etter den første verdskrigen og opprettinga av Tsjekkoslovakia den 28. oktober 1918, vart byen innlemma i den nye staten, trass i motvilje hos innbyggjarane.Lacika, «Bratislava», s. 42 Den dominerande ungarske og tyske folkesetnaden prøvd å hindre at byen vart annektert av Tsjekkoslovakia, og erklærte han ein friby. Den tsjekkoslovakiske legionen okkuperte byen 1. januar 1919 og gjorde han så ein del av Tsjekkoslovakia.. Byen vart sete for slovakiske politiske organ og organisasjonar og var hovudstad i Slovakia 4. februar. Den 12. februar 1919 starta dei tyske og ungarske innbyggjarane opprør mot den tsjekkoslovakiske okkupasjonen, men den tsjekkoslovakiske legionen opna eld mot dei forsvarslause demonstrantane.Marcel Jankovics, «Húsz esztendő Pozsonyban», s. 65-67 (ungarsk) Den 27. mars 1919 vart namnet Bratislava innført offisielt for første gong. Etter at den ungarske armeen trekte seg tilbake, flykta dei mange ungarane, eller dei vart kasta ut. og tsjekkarar og slovakar tok husa deira og flytte til Bratislava. Utdanninga på ungarsk og tysk vart kraftig redusert. I 1930-åra var den ungarske folkesetnaden i Bratislava redusert til 15,8 %.
I 1938 annekterte Nazi-Tyskland nabolandet Austerrike i Anschluss og seinare same året annekterte dei det framleis sjølvstendige Petržalka og Devín på etnisk grunnlag.Kováč et al., «Bratislava 1939–1945», s. 16–17 Bratislava vart erklært hovudstaden i den første slovakiske republikken den 14. mars 1939, men staten kom raskt inn under nazistane si påverknad. I 1941–1942 og 1944–1945 dreiv dei nye slovakiske styresmaktene bort dei om lag 15 000 jødane i Bratislava,Lacika, «Bratislava», s. 43. Kováč et al., «Bratislava 1939–1945», s. 174–177 og dei fleste av dei vart send til konsentrasjonsleirar. Bratislava vart bombardert av dei allierte, som var okkupert av tyske troppar i 1944, og til slutt teken av den sovjetiske raude armeen den 4. april 1945.Kováč et al., «Kronika Slovenska 2», s. 300 Mot slutten av den andre verdskrigen vart dei fleste tyske innbyggjarane i Bratislava evakuert av dei tyske styresmaktene. Nokre få kom tilbake etter krigen, men vart driven bort igjen etter Beneš-dekreta.Kováč et al., «Kronika Slovenska 2», s. 307–308
mini|venstre|Slavín-krigsminnesmerke for dei falne soldatane under frigjeringa av Slovakia i den andre verdskrigen
Etter at Kommunistpartiet tok makta i Tsjekkoslovakia i februar 1948, vart byen ein del av Austblokka. Nye område vart innlemma i byen, og folketalet voks kraftig, og vart 90 % slovakisk. Store bustadområde med høge bustadblokker, som dei i Petržalka, vart bygd. Kommuniststyret bygde òg store, flotte byggverk som brua Nový Most og hovudkvarteret for slovakisk radio.
Etter det mislukka tsjekkoslovakiske forsøket på å styrte kommunistregimet, vart byen okkupert av troppar frå Warszawapakta. Kort tid etter vart byen hovudstad i Den slovakiske sosialistrepublikken, ein av to statar i det føderaliserte Tsjekkoslovakia. Dissidentar i Bratislava føresåg fallet til kommunismen med stearinlysdemonstrasjonen i Bratislava i 1988 og byen vart eit av dei fremste sentera under den anti-kommunistiske fløyelsrevolusjonen i 1989.Kováč et al., «Kronika Slovenska 2» s. 498
I 1993 vart byen hovudstad i det nye Slovakia etter oppløysinga av Tsjekkoslovakia. I 1990-åra og tidleg på 2000-talet har økonomien til byen auka kraftig på grunn av utanlandske investeringar. Den blømande byen har vore vertskap for fleire viktige kulturelle og politiske hendingar.
Administrativ inndeling mini|Bydelane i Bratislava fordelt på dei fem distrikta Administrativt er Bratislava delt inn i fem distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy) på linje med distrikta i resten av landet. Kvart av distrikta i hovudstaden omfattar ein eller fleire bydelar. Dei fem bydistrikta saman med dei tre distrikta Malacky, Pezinok og Senec utgjer regionen Bratislava kraj.
Her er eit oversyn over bydistrikta og bydelane:
Bratislava I Staré Mesto (gamlebyen)
Bratislava II Podunajské Biskupice Ružinov Vrakuňa
Bratislava III Nové Mesto Rača Vajnory
Bratislava IV Devín Devínska Nová Ves Dúbravka Karlova Ves Lamač Záhorská Bystrica
Bratislava V Čunovo Jarovce Petržalka Rusovce
Innbyggjarar
Folketalet i dei siste folketeljingane, fordelt på distrikt og bydelar: