Malvik er ein kommune i Trøndelag. Den ligg mot Trondheimsfjorden i nord og grensar til Stjørdal i aust, Selbu i sør og til Trondheim i vest. Administrasjonssenteret Hommelvik og Vikhammer er folkesetnadstyngdepunkta i kommunen. Europaveg 6 og Nordlandbanen kryssar kommunen i austleg–vestleg retning.
Malvik har tradisjonelt vore eit jordbruksdistrikt, basert på dyrehald og korndyrking, som enno er omfattande. Hommelvik vart bygd opp rundt sagbruk. Verkstads- og næringsmiddelindustri er framståande; på Sveberg har Nortura det største slakteriet i landet. I mellom- og etterkrigstida bygde mange trondheimarar fritidsbustader i Malvik. Seinare har dei nye busetnadene på Vikhammer, Saksvik og Hundhammaren fått eit typisk forstadpreg. Rundt 60 % av dei sysselsette i kommunen pendlar til Trondheim, og Malvik vert rekna som ein del av Trondheimsregionen.
Geografi venstre|mini|Dølafossen i Homla. Kommunen grensar til Trondheim i vest, Selbu i sør og Stjørdal i aust. Malvik grensar dessutan til Klæbu i eit punkt på Hevillen (412 moh.). Malvik har to små eksklaver (Jøsåsgardane) som er omgjeve av Stjørdal kommune, men berre har vegsamband til Malvik.
Kommunen ligg mot Trondheimsfjorden i nord med ei kystlinje på 24 km. Kommunen mæler 168 km², der 124 km² er skog, 14 km² dyrka mark og 7 km² ferskvatn. Homla, med ei samla lengd på 29,5 km, har utløp i Trondheimsfjorden ved Hommelvik. Geologisk ligg kommunen i Trondheimsfeltet, så berggrunnen består i all hovudsak av fyllitt. Dyrka leirbakkar finst langs fjorden og innover eit par dalar opp til ca. 150 moh. Lengre inn i landskapet finst myr, nokre små innsjøar og skogkledde åsar. Det høgaste punktet i kommunen er på 624 moh. og ligg i lia opp mot Baklifjellet (Vennafjellet) på grensa mot Selbu. Jf. www.norgeskart.no
Stader i Malvik Smiskaret (Bygd) Malvik (Bygd) Muruvik (Grend) Hommelvik (Bygd) Vikhamar (Tettstad) Saksvik (Tettstad) Hundhammaren (Tettstad) Mostadmark (Bygd) Bjørnmyra (Bygd) Svehøgda (Bygd) Kvegjerdet (Storgård)
Samfunn I Malvik er det éin vidaregåande skule, Malvik vidaregåande. Skulen har i dag eit breitt fagtilbud fordelt på fem ulike studieretningar med 343 elevar.
Skular
Barneskular Hommelvik skole Vikhammeråsen grendaskole Vikhammer skole Saksvik skole Sveberg skole
Ungdomsskular Hommelvik ungdomsskole Vikhammer ungdomsskole
Vidaregåande skular Malvik vidaregåande skole
Politikk Kommunestyrevalet 2015
Historie Malvik vart eigen kommune i 1891 etter å ha vorte utskilt i frå Strinden herad.
Kultur
Konsertar Café Rampa i kommunesenteret Hommelvik er staden der flest konsertar blir halde. Kaféen er forresten òg kjent frå NRK-programmet Billetten og frå TV3-programmet Hellstrøm ryddar opp.
Festival Årleg vert Arbeidarfestivalen arrangert i Hommelvik. Festivalen vart starta i 2004 og har som føremål «å synleggjera historia til arbeidarrørsla og kultur med utgangspunkt i lokal tradisjon og historie.»
Tusenårsstad Tusenårsstaden til kommunen er kyrkjestova ved Malvik kyrkje.
Lokalmedia Kommunen vert dekt av dei to avisene Malviknytt og Bladet. I februar 2017 vart Malvik-Bladet slått saman med Stjørdalens blad under namnet Bladet.
Severdigheter
Nygårdsvolden Nygårdsvolden ligg fem minutt i frå Hommelvik sentrum og var tidlegare ein husmannsplass. Johan Nygaardsvold vart fødd her, men flytta då faren døydde (1897) husa ned til Hommelvik sentrum.
Mostadmark jernverk Mostadmark jernverk vart etablert i 1653. Den første jarnsmeltinga starta våren 1657 og produkta var i hovudsak krigsmateriell til festningsanlegg i trondheimsområdet, men verket vart etter kvart hovudleverandør av jarn til kongen av Danmark. Danskekongen vart etter kvart så avhengig av jarnet frå verket at han konfiskerte verket frå eigaren til verket, svensken baronet William Davidson då det braut ut krig mellom Danmark-Noreg og Sverige. Jernverket gjekk konkurs i 1695, men i 1758 vart drifta starta opp att og det vart drive jernverk heilt fram til 1872. Det vart vedteke å leggja ned verket fordi jernverket i europeisk samanheng var eit lite jernverk, og det vart for dyrt å laga kol av tre i tilhøve til prisen på steinkol.
Kjende malvikingar Johan Nygaardsvold (1879–1952), stortingsrepresentant (Ap) 1916–1949, statsminister 1935–1945 Rut Tellefsen (1930-), skodespelar Siri Frost Sterri (1944-), stortingsrepresentant (H) 1985–2001 Arnfinn Muruvik Vonen (1960–), professor, direktør i Språkrådet 2011–2015 Kåre Ingebrigtsen (1965–), fotballspelar (RBK) Ingvild Vaggen Malvik (1971–), politikar (SV/Ap), stortingsrepresentant 2001–2005 Mads Eriksen (1977–), teikneserieskapar Jon Åre Herjuaune (1988–), norgesmeister i styrkeløft i 2007
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff Malvik kommune sine heimesider Malvik videregående skole Malvik Idrettslag
Kategori:Kommunar i Trøndelag