Waipu er ein liten by på New Zealand med sterk skotsk kulturarv. Han ligg i Bream Bay i Whangareidistriktet i regionen Northland. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 1491 innbyggjarar.

Historikk Waipu var sentrum i ein betydeleg presbyteriansk busetnad leia av av den karismatiske presten Norman McLeod, som førte tilhengjarane sine frå høglandet i Skottland til New Zealand via St. Ann's på Nova Scotia og Australia. Fem skipslaster med i alt kring 800 nybyggjarar kom til Waipu i 1850-åra, og blant immigrantane var folk som drog ut frå Skottland alt i 1817, mellom dei presten.

I 1914 vart det stukke ut ei jarnvegslinje mellom North Auckland Line og Waipu for å vera til nytte for landbruksverksemdene i området. Bygginga av linja vart utsett pga. den første verdskrigen, men i 1920 vart 25 menn sette i gang med grunnarbeidet. Alt kring 1924 var private motorkøyrety vorte meir vanlege, og utbygging av jarnvegslinjer i tynt folkesette område mindre naudsynte. Det var heller ikkje nokon nemneverdig industriell aktivitet i Waiputraktene, så sidelinja syntest ikkje lenger økonomisk, og bygginga vart avslutta før det var blitt lagt ei einaste skjene.Geoffrey B. Churchman and Tony Hurst, The Railways of New Zealand: A Journey Through History (Auckland: HarperCollins, 1991), s. 100.

Attraksjonar Eit årleg høgdepunkt i byen er «Høglandsleikane» (Highland Games) som vert skipa til ved nyttårstider.

Like utanfor byen ligg grottene Waipu Caves, som er kjende for å vera tilhaldsstad for ei mengd jonsokormar.

Waipu Scottish Migration Museum vart skipa i 1953.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Waipu, New Zealand» frå , den 10. juli 2007.

Bakgrunnsstoff

Waipu Museum

Kategori:Busetnader i Northland Kategori:Byar på New Zealand