Witten er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar. Witten/Herdecke Universitet, det første private universitetet i Tyskland, ligg i byen.

Witten ligg i Ruhrdalen sør i Ruhrområdet.

Historie Witten vart først nemnd i 1214, men bydelen Herbede (som vart ein del av byen i 1975) går heilt tilbake til 851. Byen vart ein gruveby frå 1578. I 1975 vart Witten ein del av Ennepe-Ruhr-Kreis og er i dag den største byen her. 1975 var òg første året Witten fekk meir enn 100 000 innbyggjarar, grensa for ein storby (Großstadt) i Tyskland.

Seint på 1800-talet vart Witten kjend for Roburit-dynamitten. Denne dynamitten vart ein gong nytta i kolgruver over heile verda. I 1906 oppstod det derimot ein eksplosjon i fabrikken og 41 menneske omkom.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Witten» frå , den 15. juli 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen Kategori:Hansaen