Henrik IV av Frankrike () var konge av Frankrike frå 1589 til 1610 og konge av Navarra (Henrik III av Navarra) frå 1572 til 1610. Han vart fødd i Pau, og var den første franske kongen frå fyrstehuset Bourbon.

Paris er vel ei messe verd mini|venstre|Henrik og kona Margareta. Frå Katarina av Medici si tidebok. Trass i at han var protestant og leiar for hugenottane, gifta Henrik seg i 1572 med Margareta av Valois, prinsesse Margarete av Frankrike, dotter av Henrik II av Frankrike og Katarina av Medici. I løpet av bryllaupsfesten tok katolikkane livet av mange hugenottar, den såkalla Bartolomeusnatta. Henrik redda sitt eige liv gjennom å gå over til katolisismen.

mini|venstre|Henrik IV, konge av Frankrike og Navarra.

I 1576 stilte han seg på nytt i spissen for hugenottane sin kamp. Han vart utpeika til tronfylgjar av svogeren, Henrik III av Frankrike, medan han låg og skulle døy. Katolikkane ynskte ikkje å ha ein «kjettarkonge». Etter nokre år med strid, gjekk Henrik i 1593 over til katolisismen igjen, og vart i 1594 krona til konge. Ved overgangen til katolisismen, skal Henrik ha sagt «Paris vaut bien une messe»; 'Paris er vel ei messe verd.

Borgarkrigen tok slutt i 1594, og Henrik kunne gjera inntog i Paris. Katolisismen hadde sigra, men gjennom ediktet i Nantes av 1598 vart hugenottane sikra ei høvesvis trygg stilling i landet.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske kongar Kategori:Fyrstehuset Bourbon Kategori:Hertugar av Vendôme