mini|Psyttália i Saroniabukta. Psyttália (gresk skrift Ψυττάλεια) er ei ubebudd øy i Saroniabukta, eit par kilometer frå Pireus i Hellas. Ho dekkjer 0,375 kvadratkilometer, og huser i dag det største kloakkrenseanlegget i EuropaBørsen i Athen , Elliniki Technodomiki TEB AE.Themeliodomi , MiljøvernsarbeidAndritz, Andritz to supply sewage sludge drying system for Athens, Greece som handsamar 750 tonn kloakk dagleg.Antenna News , Karamanlis in Psyttaleia

Historie I 480 fvt., før slaget ved Salamis, oppretta persarane ein vakttropp med soldatar og adelsmenn på øya. Etter den greske sigeren trekte den persiske flåten seg tilbake mot Fáliro og vakttroppen vart forlaten. Aristides, den athenske strategosen, gjekk i land på øya og avretta alle persarane.

På denne tida vart øya kalla Lypsokoutála (gresk Λυψοκουτάλα), som tyder «ei halv skei» sidan ho liknar ei halv skei når ein ser ho frå fjellet Egáleo.

Sidan 1990-åra byrja Saroniabukta å verte forureina av kloakk frå Athen og Pireus. For å verne om økosystemet og følgjene dette hadde for turismen vart det bygd eit kloakkrenseanlegg på øya.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Psyttaleia» frå , den 24. juli 2007.

Psyttalia Psyttalia