mini|Dei nordlege Sporadane (øvst til venstre med nemninga Sporades på kartet).
Dei nordlege Sporadane (gresk Βορειές Σποράδες, Voriés Sporádes), ofte omtalt berre som Sporadane (gresk Σποράδες, Sporádes), er ei øygruppe i Egearhavet langs austkysten av Hellas, nordaust for øya Évvia. Dei fire hovudøyane er Skiáthos, Skópelos, Alónnisos og Skýros.
Administrativt er Skiáthos, Skópelos og Alónnisos kvar sin kommune i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía, medan Skýros er ein kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.
Sjå òg Sporadane Dei sørlege Sporadane Periferieininga Sporadane
Kjelder EB-Skyros Skyros - Britannica Concise. Denne artikkelen bygger på «Sporades» frå , den 26. juli 2007.
Nordlege sporadane Nordlege sporadane Nordlege sporadane