Katarakt (av latin cataracta, frå gresk katarrhegnynai, 'falla ned, fossa') også kalla grå stær, er blakking eller dimming av linsa i auget. Dette er mellom anna ei normal aldersendring, og finst hos dei fleste over 65 år. Fenomenet blir då kalla senil katarakt. Følgjene varierer frå noko uklårt syn, til fullt tap av synsevna. Katarakt kan òg skuldast annan sjukdom, stråling eller vera medfødd.
Katarakt er ein stekr årsak til at folk blir blinde i verda. Senil katarakt står for ca. 48 % av alle førekomster av blinde, noko som utgjer rundt 18 millione menneske.Om katarakt ved nettsidene til WHO
Katarakt kan behandlast ved at ein opererer ut den fordunkla linsa og erstattar henne med ei kunstig linse.T. Sundar: Kataraktkirurgi - små snitt gir store synsgevinster. Etter operasjonen oppnår over 95 % av pasientane normalt eller tilnærma normalt syn.
Kjelder Audun Øyri: Norsk medisinsk ordbok. Oslo, 1988. Jacob, Francone og Lossow: Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.
Kategori:Sjukdommar i auge og adneksstrukturar Kategori:Oftalmologi Kategori:Blindskap Kategori:Syn Kategori:Auga Kategori:Aldringssjukdommar