Nísyros (gresk Νίσυρος), stundom òg kalla Nissiros, er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg mellom øyane Kos og Tílos.
Nísyros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya er nesten sirkulær med ein diameter på 8 km og eit areal på 41,6 km². Fleire andre småøyar ligg like i nærleiken av Nísyros, og den største av desse er Jyalí.
Øya har eit fjellkledd indre og i midten ligg fleire vulkankrater. Kysten er stort sett kledd med stein og grus, men ein finn òg eit par sandstrender her (hovudsakleg i nordaust). mini|venstre|Satellittbilete av Nísyros (nedst til høgre) Vulkanen er for tida aktiv, men ikkje i utbrot, og ein har funne fumarole ved kratera. Det siste utbrotet var ein dampeksplosjon i 1888, etter små oskeutbrot i 1871 og 1873. I tillegg er det vanleg med jordskjelv. Ein seismisk aktiv periode i 1996-1997 førte eit internasjonalt lag av forskarar til å overvake vulkanen som ein del av Geowarnprosjektet. Heile vulkankomplekset inkluderer sjøbotn mellom Nísyros og Kos, øya Jyalí og delar av Kos.
Hovudbyen og hamna på øya er Mandráki, og av andre landsbyar finn ein Páli, Nikía, Emboriós og Loutrá. Etter ei folketeljing i 2011 hadde øya 1 008 innbyggjarar, men om sommaren aukar dette talet kraftig på grunn av turisme og utflytta nisyriarar som kjem tilbake på ferie. Turismen er derimot ikkje så utvikla som på andre greske øyar. Førekomst av perlitt og pimpestein på Jyalí utgjer ein stor del av næringa for øya.
Ein kan nå øya med skip frå Pireus og Kos, og om sommaren er det fleire turar dagleg frå landsbyen Kardámena på Kos. Ho har òg ein helikopterlufthamn.
Eit produkt frå Nísyros er soumada, ein alkoholfri drykk med smak av mandel.
Vernehelgenen til øya er Sankt Nikitas og ein finn mange ortodokse kyrkjer på øya, i tillegg til fire kloster som ikkje lenger er i bruk av munkar. Det største klosteret er Panajía Spilianí i Mandráki. Det vart bygd ved sida av mellomalderborga reist av Maltesarordenen, som erobra øya i 1315.
Historie I følgje gresk mytologi vart øya danna då Poseidon kutta bort ein del av Kos og kasta han på kjempa Polyvotis for å hindre han i å rømme. Det antikke namnet på øya var Porfyris. Gamle murar frå 400-talet fvt. som er ein del av akropolisen på øya, er funne nær Mandráki.
Ho var visstnok òg ei kjelde for møllesteinar som vart nytta i nokre av dei tidlegaste vasskvernene, som vart referert til av epigramdiktaren Antipater av Thessalonika i det 1. hundreåret fvt..M. J. T. Lewis, Millstone and Hammer: the origins of water power (University of Hull Press 1997), pp. vii 66-7.
Eit kurbad med svovelhaldig vatn aust for Páli var verdskjend dei første tiåra av 1900-talet.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Mandráki 660 784 Páli 239 197 Nikiá 61 40 Emboriós 27 18 Jyalí 21 7
Småøyar i kommunen: Jyalí (7) Ájos Andónios (0) Strongýli (0) Kandelioússa (0) Pakhiá (0) Pergoússa (0)
Referansar
Bakgrunnsstoff Vulkanologien til Nísyros Reiseguide for Nísyros nisyros.co.uk Offisiell side
Kjelde
Globalt vulkanismeprosjekt: Nisyros Volcano World: Nisyros
Nisyros Nisyros Nisyros Nisyros Nisyros Nisyros