mini|Honda Civic, 2023-modell

Honda Motor Co., Ltd. er eit japansk føretak som produserer motorar, generatorar, bilar, lastebilar, motorsyklar, skuterar, firhjulingar, snøfresarar, hagebruksreiskap, robotar, osv. I tal på einingar er Honda den største produsenten av motorar i verda.

Historie Honda vart stifta i 1948 av Soichiro Honda, og har hovudkvarteret sitt i Tokyo. Soichiro Honda hadde tidlegare produsert stempelringar for den japanske marknaden.

I 1981 opna Honda produksjonsanlegg utanfor Japan. I USA produserte og selde dei dyrare modellar under namnet Acura frå 1986. I Storbritannia gjekk bilane først under Triumph-merket, sidan som Rover. Samarbeidet med Rover førte også til at Land Rover Discovery i ei periode vart seld i Japan som Honda Crossroad.

Motorsport mini|Honda RA272 frå 1965 var den første Honda-bilen som vann i formel 1 Honda har i mange år levert motorar til Formel 1, blant anna til Williams, McLaren og BAR-laget i 2000. I 2005 kjøpte Honda opp BAR-laget 100% og som Honda Racing F1 driv no Honda formel 1 også som konstruktør, noko bilprodusenten og gjorde ei kort tid mellom åra 1964–1968.

Honda driv og med sykkelsport som MotoGP og motocross.

I Noreg Hanne Skotvedt, som er dotter av bilimportøren Oscar Skotvedt, starta firmaet Hasco (seinare Hasco Norge AS) i april 1970 for å ta inn Honda N600.

På slutten av 1990 talet skifta Hasco Norge namn til Skotvedt AS og beheldt Honda-importen ut 2000. Då tok Honda Motor Europe Ltd. Norge over, eit dotterselskap av Honda.

Sjå og Acura Honda Racing F1

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad til den norske importøren Bilnorge.no si historie om merket Club Honda Biltesten.no sine testar av Honda

Kategori:Japanske bilmerke Kategori:Japanske bilprodusentar Kategori:Skipingar i 1948