Ándros (gresk Άνδρος), òg kalla Andro, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho er den nordlegaste øya i øygruppa og ligg om lag 10 km søraust for Évvia og om lag 3 km nord for Tínos. Øya er nesten 40 km lang og på det breiaste 16 km. Ándros er ei fjellkledd øy med mange frodige dalar. Hovudbyen heiter òg Ándros og ligg på austkysten med om lag 1 500 innbyggjarar. Øya hadde rundt 18 000 innbyggjarar i 1900 og i dag oppunder 9 000.
Ándros er frå 2011 den einaste kommunen i periferieininga Ándros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Administrativ inndeling Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Ándros by Kórthi Ydroúsa Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Historie Øya var i antikken busett av folk frå Jonia og kanskje med ei blanding frå Thrakia. Øya var opphavleg avhengig av Eretria, men på 600-talet fvt. var ho velståande nok til å sende ut fleire kolonistar, mellom anna til Khalkidike (Akanthos, Stageira, Argilus, Sane). Ruinane av Palaeopolis, den antikke hovudstaden, ligg på vestkysten og byen hadde eit kjent tempel tileigna Dionysos. I 480 fvt. forsynte ho skip til Xerxes og vart av den grunn plyndra av den greske flåten. Sjølv om ho vart medlem av Det athenske sjøforbundet var ho fiendtleg innstilt mot Athen, og i 477 fvt. vart ho tvunge inn i eit klerukh. I 411 fvt. erklærte Ándros seg likevel som sjølvstendig, og i 408 fvt. gjekk athenarane til åttak. Som medlem av Det athenske sjøforbundet på ny vart ho igjen kontrollert av ein garnison og ein arkont.
I den hellenistiske perioden låg Ándros ved fronten mellom Makedonia og Egypt. I 333 fvt. fekk ho ein makedonsk garnison frå Antipater, men i 308 fvt. vart ho sett fri av Ptolemaos I av Egypt. I den khremonidiske krigen (266-263 fvt.) gjekk ho igjen til Makedonia etter slaget ved Ándros. I 200 fvt. vart ho erobra av ein flåte med skip frå Romarriket, Pergamon og Ródos, og vart verande under Pergamon fram til riket vart oppløyst i 133 fvt.
Før ho kom inn under Det osmanske riket var Ándros frå 1207 evt. til 1566 styrt av familiane Zeno og Sommariva frå Venezia. Etter eit par hundre år under tyrkarane vart Kykladane ein del av Hellas i 1821.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Ándros by Ándros by 1 428 1 500 Batsí Ydroúsa 1 010 907 Gávrio Ydroúsa 810 849 Órmos Korthíou Kórthi 557 489 Pitrofós Ándros by 330 307
Andre busetnader på øya er:
Småøyar i kommunen: Akamátis (0) Gáidaros (0) Megálo (0) Platý (0) Prásso (0) Tourlítes (0)
Referansar
Bakgrunnsstoff Reiseguide for Ándros Richard Stillwell, ed. Princeton Encyclopedia of Classical Sites, 1976:
Kjelde
«Large Bronze Age Town Unearthed On Andros.» New York, N.Y.: Hellenic Times. Sep 2- 30, 2005. Vol. XXXII, Iss. 11; s. 2. (link) http://www.gutenberg.org/files/13600/13600-h/13600-h.htm
Andros
Andros Andros Andros