mini|Ein tradisjon knytt til skotdagen 29. februar er at kvinner kan fri på berre denne datoen.

29. februar er den 60. dagen i den gregorianske kalenderen under skotår. Det er 306 dagar att av året. Denne datoen finst berre i år som er delelege på 4, men århundre som ikkje er delelege på 400 er ikkje skotår (dvs. 2100 er ikkje eit skotår). Då Danmark-Noreg gjekk over til den gregorianske kalenderen i 1700 hoppa ein òg over denne datoen.

Merkedag Skotdag i den gregorianske kalenderen

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag Ingen namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja Osvald av Worcester

Hendingar Utlandet mini|Pulsarar, framstilde av Michael Kramer. 1720: Dronning Ulrika Eleonora av Sverige abdiserte til fordel for ektemannen Fredrik av Hessen. 1880: Asteroiden 214 Aschera vart oppdaga. 1880: St. Gotthard-tunnelen gjennom Alpane blei ferdig. 1956: Pakistan blei ein muslimsk republikk. 1960: Agadir i Marokko blei ramma av eit voldsomt jordskjelv som drap over 10 000. 1968: Oppdaginga av den første pulsaren blei kunngjort.

Noreg 1948: Einar Gerhardsen held Kråkerøytalen, der han tok eit oppgjer med Noregs kommunistiske parti og kommunistar i fagrørsla.

mini|Alessandro Farnese, seinare pave Paul III.

Fødde

1468: Alessandro Farnese, seinare pave Paul III 1756: Christian Frederik Hansen, dansk arkitekt 1772: Hans Barlien, norsk bonde og politikar 1792: Gioacchino Rossini, italiensk komponist 1840: John Philip Holland, irsk-amerikansk ubåtkosntruktør 1872: Nicolai Rygg, norsk sentralbanksjef 1884: Haakon Lie (1884-1970), forfattar 1904: Jimmy Dorsey, amerikansk jazzmusikar 1916: Dinah Shore, amerikansk songar 1920: Fjodor Abramov, russisk forfattar 1960: Khaled, algerisk songar

Døde

1944: Pehr Evind Svinhufvud, finsk statsleiar 1956: Elpidio R. Quirino, president på Filippinane 1968: Tore Ørjasæter, norsk diktar 2004: Hartvig Sætra, norsk skribent

Bakgrunnsstoff