Oksskolten (1916 moh., sørsamisk ) er eit fjell i Hemnes kommune i Nordland. Fjellet ligg i Okstindmassivet mellom Korgen i vest og Røssvatnet i aust. Fjellet er det høgste i Nord-Noreg. Dei første som klatra opp på fjellet, skal ha vore Peder Stordal og Charles Rabot i 1883.
Den norske Turistforening har ei hytte ved Okstindan, Kjennsvasshytta. Frå denne hytta går det sti til Okstindbreen. Over Okstindbreen bør ein ikkje gå utan førar, om ein ikkje er vand med breklatring.
Fjellet er det åttande høgaste i landet ut frå primærfaktor.
Sjå òg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor
Bakgrunnsstoff Omtale av turar og toppen
Kategori:Fjell i Hemnes