Andíparos (gresk Αντίπαρος), i antikken kalla Oliaros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg berre om lag 1 km vest for Páros, ein båttur som berre tar 10 minutt frå Poúnda, ei lita hamn på Páros.

Andíparos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Andíparos 1 265 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 077 innbyggjarar.

Øya har ei 57 km lang kystlinje. Dei fleste av innbyggjarane bur i landsbyen Andíparos eller Kástro på nordkysten og arbeider med jordbruk og fiske. Øya er 12,5 km lang og 5,5 km brei med eit areal på 35 km². Vest for Andíparos ligg den vesle øya Despotikó.

Turisme Den størst turistattraksjonen på øya er ei stalaktittgrotte på sørkysten. Det er mange strender på øya og den største er Psaraliki, der dei fleste turistane dreg til. Det er òg andre strender og restaurantområde på øya, men desse er vanskelegare å nå.

Byar og tettstader Byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Andíparos (Kástro) 1 102 1 077 Kámbos 49 131 Sorós 35 36 Ájos Jeórjios 25 21

Småøyar i kommunen: Despotikó (0) Dipló (0) Kávouras (0) Revmatonísi (0) Strongylí (0) Tsimindíri (0) Firá (0)

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside

Kjelde

J. P. de Tournefort, Relation d'un voyage au Levant (1717); English edition, 1718, vol. i. p. 146

Andiparos Andiparos Andiparos Andiparos