mini|Utsyn over Messiníabukta. mini|Kart som viser Messiníabukta i Hellas. Messiníabukta (gresk Μεσσηνιακός Κόλπος Messiniakós Kólpos) er ei bukt i Det joniske havet i Hellas. Bukta ligg mellom periferieininga Messinía og den sørvestlege delen av Lakonía. Fjellet Taýjetos ligg aust for bukta og er omringa av åsar. Fleire fjell dekkjer dei vestlege delane og jordbruksområde, som er ein del av Pámisossletta, ligg i nord. Elva Pámisos munnar ut inst i bukta.
Hamnebyen Kalamáta ligg i nordaust og den kjende Diroúgrotta ligg i søraust.
Messiníabukta greser til øya Venétiko i vest og neset Ténaro i søraust.
Stader ved bukta
Koróni - vest Longá - vest Petalídi - nordvest Messíni - nordvest Kalamáta - nordvest Kardamýli - aust Stoúpa - aust Trakhíla - søraust Areópoli - søraust Jeroliménas - søraust
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Messenian Gulf» frå , den 19. august 2007.
Messiniabukta Messiniabukta Messiniabukta Messiniabukta