Tómaros (gresk Τόμαρος), òg kalla Tmaros, tidlegare òg Tmarus, Tomarus eller Otyliskos, er eit fjell sørvest i periferieininga Ioánnina, vest for den antikke staden Dodóni. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 1 976 moh. Sjølve toppen vert kalla Pentólakos (gresk Πεντόλακος). Fjellet har ei lengd på om lag 30 km og er 15-20 km breitt. Elva Aóos (Vjosë) renn aust for fjellet.

Frå toppen av fjellet kan ein sjå Aóosdalen, byen Ioánnina og Pamvótidasjøen. På klåre dagar kan ein så vidt sjå Det joniske havet.

Nærliggande stader

Polýgyros, nord Dodóni, nordaust Melingí, aust Kopáni, søraust Líppa, sørvest Artopoúla, vest

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tomaros» frå , den 26. august 2007.

Bakgrunnsstoff Tómaros på gtp.gr

Tomaros Tomaros Tomaros