Arthur Johan Ratche () var ein norsk journalist og forfattar, fødd i Bardal (då i Hemnes på Helgeland) av foreldra Ane Helene Jensdtr. frå Sund og Georg Martin Ratkje frå Bergen. Han vart gift i Trondheim 18.09. 1015 med Agathe van Severen og døydde i Oslo.

Arthur Ratche tok middelskole i Mosjøen og vart sidan journalist i Trondheim og Oslo.

I ein artikkelserie i Morgenbladet i 1935, publisert i boka Finsk fare for Finnmark som kom i 1936, advarte han mot at delar av landet med stort kvensk innslag i framtida kunne bli ein del av eit storfinsk rike, sidan kvenane heldt på det kvenske språket og i liten grad gjekk opp i norsk kultur. Han meinte samane var meir nøytrale i denne spenninga, men advarte om at dei i tilfelle ei folkerøysting om tilslutning til Noreg eller Finland ville røyste slik dei sjølve fann det mest fordelaktig.

I 1937 fekk han Petter Dass-medaljen for aktivt arbeid i Nordlændingernes Forening og for Nord-Noreg.

Bibliografi: 1930: Forlags- eller haandverksmæssig bundne bøker 1935: Helgeland 1936: Finsk fare for Finnmark 1941: 75 års kolonialhistorie 1866 - 20. april - 1941 : Joh. Johannson kolonial en gros Oslo

Kjelder Arkivverket - Digitalarkivet Kyrkjebok og folketeljing Teemu Ryymin 1998 Finske nasjonalisters og norske myndigheters kvenpolitikk i mellomkrigstiden Terje Roghell: Folk og slekt på Hemnesberget Hemnes kommune 2007 ISBN 978-82-993491-7-8

Kategori:Finnmark fylke Kategori:Norske journalistar Kategori:Samisk historie Kvensk historie Kategori:Folk frå Leirfjord