Mílikhos (gresk Μείλιχος), òg kalla Meilihos, Milikhos og Milihos, er ei elv nordvest i periferieininga Akhaía i Hellas. Ho renn gjennom Río og Pátra før ho munnar ut i Pátrabukta.

Elva har utspring i Panakhaikófjella på vestsida og renn gjennom eit reservoar som gjev vatn til Pátra og noko straumproduksjon. Reservoaret vert òg nytta til å hindre flaum. I antikken stod det eit tempel for Artemis ved Mílikhos og då ein bygde E65 oppdaga ein restane av ei gammal bru som gjekk tilbake til romartida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Meilichos» frå , den 1. september 2007.

Milikhos Milikhos