Periferieininga Kavala (gresk Περιφερειακή ενότητα Καβάλας, Periferiakí enótita Kaválas) er ei periferieining i Hellas i periferien Aust-Makedonía og Thráki. Hovudstaden i periferieininga er byen Kavála. Elva Nestos (Mesta) renn i aust. Kavála er den austlegaste periferieininga i Gresk Makedonia. Det høgaste punktet er Pangéo på 1 957 moh.
Geografi Fjella Pangéo ligg i vest. Dei nordlege områda, særleg ved Karántere er aude og folketomme. Kavála grensar til Sérres i vest, Dráma i nord og Xánthi i aust, medan Det thrakiske havet ligg i sør. Dyrkbar mark finn ein langs kysten, i nordlege og i austlege område.
Klima Store delar av periferieininga har middelhavsklima. I høgareliggande område er klimaet meir kontinentalt med kalde vintrar.
Kommunar Periferieininga var tidlegare var ein del av Kavála prefektur saman med Thásos. Frå 2011 har periferieininga dei tre kommunane Néstos (2) Kavála (1) Pangéo (3)
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kavála Kavála 54 027 51 947 Khrysoúpoli Néstos 8 885 8 824 Elevtheroúpoli Pangéo 4 360 4 303 Néa Péramos Pangéo 3 514 3 502 Krinídes Kavála 3 365 2 925 Amygdaleónas Kavála 2 724 2 647 Paleó Tsiflíki Kavála 2 195 1 983 Néa Karváli Kavála 2 160 1 925 Khrysokhóri Néstos 1 818 1 711 Nikísiani Pangéo 2 236 1 701 Néa Iraklítsa Pangéo 1 560 1 596 Néa Karyá Néstos 1 426 1 302 Kokkinókhoma Pangéo 1 472 1 284 Elevtherés Pangéo 1 303 1 279 Keramotí Néstos 1 438 1 231 Paralía Ofryníou Pangéo 1 146 1 220 Zygós Kavála 1 485 1 209 Paleokhóri Pangéo 1 404 1 114 Eleokhóri Pangéo 1 195 981
Referansar
Kjelde
Kavala
Kavala