Periferieininga Grevená (gresk Περιφερειακή ενότητα Γρεβενών, Periferiakí enótita Grevenón) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Makedonía. Hovudstaden i periferieininga er byen Grevená.
Mykje av periferieininga er fjellkledd, og ho er den periferieininga i Hellas som har færrast innbyggjarar. Ho vart oppretta i 1967 ut av det gamle prefekturet Grevená-Kozáni, der Kozáni var hovudstad. Grevená grensar til periferieiningane Ioánnina i vest, Kastoriá i nordvest, Kozáni i nord og aust, Lárisa i søraust og Tríkala i sør.
Av fjell finn ein Lýgos i vest, Khásia i sørvest og sør og Voúrinos i nordaust. Den lengste elva er Aliákmonas som renn i aust, sentrale område og i nord.
Økonomien baserer seg på jordbruk, økoturisme, skogbruk og skiturisme i Vasilítsa, som er ein populær destinasjon for vinterturistar.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Grevená eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.
Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Grevená Deskáti Deskáti 512 00 24620-3 Khásia 511 00 24620-3 Grevená Grevená 511 00 24620-2 Avdélla 401 00 24920-23 Dotsikó 411 00 24620-25 Filippéi 511 00 24620-2 Górjani 511 00 24620-75 Irakleótes 510 30 24620-41 Ájos Kosmás 511 00 24620-73 Mesoloúri 510 32 24620-2 Perivóli 511 00 24620-80 Samarína 511 00 - Smíxi 401 00 24920-22 Theódoros Ziákas 511 00 24620-83 Véntzio 511 00 24620-91
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Grevená Grevená 13 137 12 293 Deskáti Deskáti 3 508 3 123 Fellí Grevená 1 035 760 Karperó Deskáti 556 457 Kivotós Grevená 417 331 Méga Siríni Grevená 461 331 Paliouriá Deskáti 352 325 Ájos Jeórjos Grevená 452 324 Amygdalées Grevená 446 307 Dímitra Deskáti 357 306 Mégaro Grevená 370 301
Referansar
Kjelde
Grevena
Grevena Grevena