Peristéri (gresk Περιστέρι), eldre former Peristerio og Peristerion, er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.

Peristéri ligg om lag 5 km nordvest for Aten sentrum. Kommunen ligg ved elva Kifisós, med Khaidári i vest og Petroúpoli i nordvest. Storleiken er om lag 10 km². Peristéri inkluderer den nordlege halvdelen av industriområdet i Aten. Aten bussterminal ligg i aust, og i 2004 opna ein stasjon på Aten metro her.

Peristéri har skular, latinskular, gymnas, bankar, eit postkontor og plateies. Peristéri har eit førstedivisjonslag i fotball kalla Atrómitos. Byen har òg ein stor assyrisk folkesetnad som har emigrert frå Irak og Tyrkia dei siste 30 åra.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peristeri» frå , den 10. september 2007.

Bakgrunnsstoff

Peristeri Peristeri Peristeri