Maroúsi (gresk skrift Μαρούσι, katharevousa Αμαρούσιον, Amarousion) er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.

I Maroúsi ligg det største sportskomplekset i Hellas. TV-stasjonen ANT1 ligg òg her, i tillegg til hovudkontora til greske underavdelingar av multinasjonale selskap som Kodak, Bayer, Kimberly-Clark, Siemens og Nestlé.

I antikken vart byen kalla Athmonon, og var ein av ti atenske underbyar. Det låg eit tempel her der gudinna Amarysia Artemis vart dyrka. Det moderne namnet på byen er kalla opp etter henne. I Maroúsi ligg òg den største skogen i Aten, Dásos Syngroú. Resten av området er bustad- og kontorbygningar.

Kjelder Referansar

Denne artikkelen bygger på «Marousi» frå , den 11. september 2007.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Marousi Marousi Marousi