mini|José González. Zelt-Musik-Festival 2017 Freiburg, Tyskland. mini|José González.
José Gabriel González () er ein svensk singer-songwriter og gitarist busett i Göteborg, fødd i Sverige med argentinske foreldre.
Karriere González kritikerhylla debuttalbum Veneer blei sloppen i Sverige i 2003 og i resten av Europa og USA i 2005. Gonzaléz sin musikk kan kanskje beskrivast som eit litt meir spanskklingande Nick Drake-aktig gitarspel på nylonstreng-gitar i staden for på stålstreng-gitar. Låten «Crosses», frå EP-en Crosses og seinare også albumet Veneer, kunne høyrast i den amerikanske dramaserien OC i siste episoden av den andre sesongen. Også hans versjon av The Knifes låt «Heartbeats» vart ein hit etter at han var med i ein reklamefilm for Sony Bravia.
José González slapp det andre albumet sitt, In Our Nature, den 26. september 2007.
José González er også medlem i gruppa Junip, saman med Elias Araya og Tobias Winterkorn.
Diskografi Album Veneer (2003) In Our Nature (2007) Vestiges & Claws (2015) Local Valley (2021)
EP Crosses Remain EP Stay in the Shade EP Australian Tour EP
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «José González» frå , den 18. september 2007.
Bakgrunnsstoff
Intervju med José González frå PSL
Kategori:Svenske gitaristar Kategori:svenske singer-songwriters