Xánthi (gresk Ξάνθη, tyrkisk İskeçe, bulgarsk Ксанти (Ksanti) og stundom Скеча (Sketsja)) er ein by og kommune i periferieininga med same namn, der han òg er hovudstad, i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Historie Ein har kjende kjelder om Xánthi eller Xanthia tilbake til år 879 fvt.. Han byrja som ein liten landsby og har opplevd alle tumultane gjennom Thrakia sin historie, som plyndringstokt, katastrofar, rasekonfliktar og borgarkrigar. Innbyggjarane i området har nesten vore utrydda og nesten alt vart lagd i grus, Dette var situasjonen då osmanarane kom til området. Som følgje av dette førte osmanarane kolonistar frå Vesleasia til området, som er korleis Jeniséa (Γενισέα) vart oppretta, medan Oréo (Ωραίο) og Xánthi vart verande hovudsakleg greske og kristne senter.
Jeniséa-perioden Ved 1715 var Xánthi og Jeniséa kjend for den gode tobakken som vart dyrka her. Handelen med tobakk i Europa førte til at Xánthi vart ein velståande by. I mars og april 1829 vart byen råka av to jordskjelv som bokstavleg talt jamna byen med jorda, men dei spelte ei viktig rolle i den vidare utviklinga til byen. Alle byane vart raskt bygd opp att. I 1870 brann byen Genisea med og alle kontor og tenester vart flytta til Xánthi, som på den tida hadde om lag 10 000 innbyggjarar. I 1891 vart det bygd ei jernbanelinje nær byen, som førte til vidare økonomisk vekst og oppretting av skular og foreiningar.
Balkankrigane Bulgaria tok Xánthi i 1912 under den første balkankrigen, men etter ein periode på åtte månadar vart han erobra av den greske hæren under den andre balkankrigen. Kort tid etter vart derimot Xánthi og Vest-Thakia avstått til Bulgaria, som hadde kontroll over området til slutten av den første verdskrigen. Etter bulgarsk tap i denne krigen vart Vest-Thakia, og dermed Xánthi, ein permanent del av Hellas i 1919-1920.
Administrativ inndeling
Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Stavroúpoli. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Xánthi, no kommunaleininga Xánthi Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 66 875 innbyggjarar, medan kommunaleininga Xánthi hadde 65 240 og tettstaden med same namn 58 748 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Xánthi Xánthi 56 122 58 748 Kimméria Xánthi 3 644 3 639 Évmiro Xánthi 1 272 1 232 Petrokhóri Xánthi 910 604 Stavroúpoli Stavroúpoli 538 373
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Xanthi» frå , den 18. september 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (gresk)
Xanthi Xanthi Xanthi Xanthi Xanthi