Mark Freuder Knopfler () er ein verdskjend britisk låtskrivar, gitarist og vokalist, som i 1999 vart tildelt Order of the British Empire (OBE) for sin innsats med musikk. Han var gitarist, vokalist, komponist og frontfigur i den britiske rockegruppa Dire Straits, som han starta i lag med broren David Knopfler i 1977.
Etter Dire Straits vart oppløyst i 1995, spelte Knopfler inn sju soloalbum, og produserte fleire hitsongar. Han har komponert og produsert filmmusikk for åtte filmar, inkludert Local Hero (1983), Cal (1984), The Princess Bride (1987) og Wag the Dog (1997).
I tillegg til arbeidet sitt med Dire Straits og som soloartist, har Knopfler spelt med mange kjende musikarar, som Chet Atkins, Chris Botti, The Chieftains, Eric Clapton, Bob Dylan, Bryan Ferry, Emmylou Harris, Jools Holland, Sonny Landreth, Van Morrison, Steely Dan, Sting og James Taylor, stundom som studiomusikar. Han har produsert album for Tina Turner, Bob Dylan og Randy Newman.
Knopfler nyttar ein fingerstil når han spelar gitar og vart av magasinet Rolling Stone rangert på 27. plass på ei liste over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene. Knopfler og Dire Straits har selt i overkant av 120 millionar album. Knopfler har vunne Grammy-prisen fire gonger, i tillegg til Edison Award, Steiger Award og Ivor Novello-prisen, og har tre æres doktorgrader i musikk frå universitet i Storbritannia.
Bakgrunn Mark Knopfler vart fødd i Glasgow i Skottland. Faren var ein jødisk arkitekt med kommunistiske sympatiar, noko som førte til at han måtte rømme heimlandet Ungarn. Han kom til Storbritannia, der han gifta seg med ei engelsk kvinne og busette seg i Glasgow. Òg broren David (f. 1952), som òg er musikar, vart fødd i Glasgow. Då Mark var omkring sju år gamal flytta derimot familien til Newcastle upon Tyne. Som mange andre ungdomar på 1960-talet vart òg Mark fasinert av dåtida sine popmusikarar. Han lytta til store gitaristar som Chet Atkins, Scotty Moore, Jimi Hendrix, Django Reinhardt og James Burton, og han var med på å danne fleire lokale skuleband.
På skulen var Mark Knopfler flink i engelsk. Han studerte òg journalistikk ved Harlow Technical College i 1967, før han byrja som juniorjournalist for Yorkshire Evening Post. Etter to år i denne jobben avgjorde han derimot å fortsette å studere engelsk ved universitetet i Leeds. Samtidig med studiane tok han seg ein bijobb som førelesar ved Loughton College. Under denne tida møtte han Steve Phillips, ein lokal bluessongar og gitarist han sjølv meiner var viktig for hans musikkkarriere. Saman danna dei duoen The Duolian String Pickers. Mark gjorde si første plateinnspeling medan han framleis budde i Leeds; ein ikkje-utgjeve demo av originalen «Summer's Coming My Way». Steve Phillips spelte på 12-strengar. Sidan flytta Mark til London, der han i 1973 var medlem av den High Wycombe (omkring 4,5 mil vest-nordvest av London) baserte bluesgruppa Brewer's Droop i ei tid. Han hevdar sjølv at det var under denne tida at han fann/oppdaga si «stemme» på gitaren. På midten av 1970-talet flytta òg broren David til London. Saman med vener fra Loughton College danna dei etter kvart gruppa Café Racers.
Om artisten mini|Mark Knopfler, Ahoy 2006 Mark Knopfler er ein av dei mest respekterte gitaristane i verda. Det populære musikkmagasinet Rolling Stone sette han på 27. plass på lista si over de «100 beste fingerspelgitaristane gjennom tidene».
Mark Knopfler vart kjend som låtskrivar, vokalist og gitarist i den suksessfulle rockegruppa Dire Straits. Karrieren byrja derimot med gruppa Café Racers i 1977. Etter eit par utskiftingar i mannskapet bytta gruppa namn til Dire Straits, som kom med sitt første album i 1978. Etter oppløysinga av Dire Straits i 1995 gjorde Mark Knopfler solokarriere, og han har sidan gjeve ut fleire album.
Mark Knopfler er òg kjend som ein aktør i countrygruppa The Notting Hillbillies, som i 1990 gav ut albumet «Missing... Presumed Having a Good Time». Det vart med det eine albumet, sjølv om denne gruppa ved fleire veldedige konsertar har kome saman igjen. Knopfler er dessutan kjend for sitt samarbeid med den kjende amerikanske gitaristen Chet Atkins (1924-2001), som han i 1990 gav ut albumet «Neck and Neck» saman med. Han har i tillegg samarbeida nært med store artistar som Bob Dylan, Bryan Ferry, Eric Clapton, Jools Holland og Steely Dan. Han har òg produsert album for Tina Turner, Randy Newman, Bob Dylan og Emmylou Harris. Sistnemnde gav han òg ut albumet «All the Roadrunning» saman med i 2006.
Diskografi
Prisar og æresprisar 1983 BRIT Award for beste britiske gruppe (med Dire Straits) 1986 Grammy Award for Best Rock Vocal Group (med Dire Straits) for «Money for Nothing" 1986 Grammy Award for Best Country Instrumental Performance (med Chet Atkins) for «Cosmic Square Dance» 1986 Juno Award for International Album of the Year (med Dire Straits) for Brothers in Arms 1986 BRIT Award for Best British Group (med Dire Straits) 1987 BRIT Award for Best British Album (med Dire Straits) for Brothers in Arms 1991 Grammy Award for Best Country Vocal Collaboration (med Chet Atkins) for «Poor Boy Blues» 1991 Grammy Award for Best Country Instrumental Performance (med Chet Atkins) for «So Soft, Your Goodbye" 1993 Honorary Doctor of Music from Newcastle University 1995 Honorary Doctor of Music from the University of Leeds 1999 OBE 2001 Masiakasaurus knopfleri, ein dinosaurart kalla opp etter Mark Knopfler. 2003 Edison Award for Outstanding Achievement in the Music Industry 2007 Æresdoktor i musikk ved University of Sunderland 2009 Music Producers Guild Award for Best Studio for Knopfler sitt British Grove Studios 2009 ARPS Sound Fellowship 2009 PRS Music Heritage Award 2011 Steiger Award 2012 Ivor Novello Lifetime Achievement Award
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Mark Knopfler» frå , den 12. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
MKNews Mark Knopfler-fanside
Kategori:Skotske songarar Kategori:Skotske rockesongarar Kategori:Skotske rockegitaristar Kategori:Skotske låtskrivarar Kategori:Skotske songar-låtskrivarar Kategori:Countryrocksongarar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Resonatorgitaristar Kategori:Dire Straits-medlemmar Kategori:Elevar ved University of Leeds Kategori:Musikarar frå Glasgow Kategori:Officers of the Order of the British Empire Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Fingerspelgitaristar