Skatval kyrkje ligg ved E6 på Skatval i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke, og var opphavleg ei mellomalderkyrkje, men er blitt påbygd fleire gonger. Kyrkja slik ho står i dag er ei trekyrkje frå 1901. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

I 1589 var det tre kyrkjer som det ikkje lenger var behov for, Auran og Fløan kyrkjer i Skatval og Skjølstad kyrkje i Hegra. Det vart då igjen fire kyrkjer i Stjørdal prestegjeld, hovudkyrkja Værnes kyrkje og Skatval, Hegra kyrkje og Lånke kyrkje. Desse kyrkjene vart betent av to prestar.

Ved kongeleg resolusjon 28. juli 1849 vart Stjørdal prestegjeld delt, og Nedre Stjørdal prestegjeld kom til å bestå av Værnes (Stjørdal) hovudsokn og anneksa Lånke og Skatval. Prestegjeldet fekk ein sokneprest og ein kapellan.

Kjelder

Vidare lesnad Johan Petter Rønningen: Skatval kirke 1901-1976 Utgitt i 1976. 81 sider Johan Petter Rønningen: Skatval kirke 1901-1991 Utgitt i 1991. 247 sider

Bakgrunnsstoff

Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Nord-Trøndelag

Kategori:Kyrkjer i Stjørdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1901 Kategori:Trekyrkjer i Nidaros Kategori:Kulturminne i Stjørdal Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme