For den noverande soknekyrkja i Gaupne, sjå Gaupne kyrkje.
Gaupne gamle kyrkje er ei lafta langkyrkje som avløyste ei stavkyrkje som stod i same området i Gaupne i Luster kommune i Vestland. Ho vart bygd mellom 1647–1652, og er eit døme på gammal luthersk stil. mini|venstre|Stavkyrkjeportalen mini|venstre|Tårn og inngang sett frå vest. Kyrkja har eit enkelt ytre, noko som var vanleg på den tida kyrka vart bygd, men taket og veggane inn i kyrkja står i sterk kontrast til dette. Alle veggane er måla i gult og raudt, og dekorert med blomstrar og drueklasar. Det er også måla bilete av alle apostlane. Veggane vart dekorert i 1658-60 av Nils målar.
Fleire delar frå stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane. Desse er pryda med utskjeringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan. Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert. Altertavla i kyrkja er ei typisk katekismetavle frå reformasjonstida.
Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsokgudstjenesta.
I 1909 var kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga. Den nye soknekyrkja, Gaupne kyrkje, var då alt teken i bruk.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Gaupne gamle kyrkje» «Gaupne gamle kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Om Gaupne gamle kyrkje på nettstaden til Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling
Bakgrunnsstoff Eldre fotografi av Gaupne gamle kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Kyrkjer i Luster Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1650-åra Kategori:Kulturminne i Luster