mini|Bükk i Ungarn mini|Bükkfjella Bükk (Bøkfjella) er ein del av Karpatane nordaust i Ungarn. Store delar av området er ein del av Bükk nasjonalpark.

Sjølv om Kékes, det høgaste punktet i Ungarn, ikkje ligg her men i dei nærliggande Mátrafjella, er middelhøgda i Bükkfjella, med meir enn 20 toppar over 900 meter, høgare enn i Mátra. Det høgaste punktet i Bükk er Kettős-bérc (960 m)http://index.hu/tudomany/2014/02/05/uj_csucsa_van_a_bukknek/, den tredje høgaste toppen i Ungarn etter Kékes og Galyatető.

Det er 853 kjende grotter i fjellkjeda, inkludert István-lápa, den djupaste grotta i Ungarn på 250 m, den arkeologisk viktige Szeletagrotta, Grottebadet (ein av dei største turistattraksjonane i Miskolc-Tapolca, Annagrotta, og Istvángrotta. 45 av grottene er verna på grunn av dyrelivet og mikroklimaet her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bükk» frå , den 24. september 2007 k.

Bakgrunnsstoff Bükk nasjonalpark

Kategori:Fjellkjeder i Ungarn Kategori:Fjellkjeder i Karpatane