Zengő er eit fjell i Ungarn og det høgaste fjellet i Mecsekfjella med ei høgd på 682 meter over havet. Toppen ligg i den søraustlege delen av fjellkjeda. På toppen står det eit utkikkstårn og ruinane av ei lita mellomalderborg, som truleg vart bygd på same stad som eit vakttårn frå romartida.

Det var opphavleg planar om å byggje ein NATO-radar på toppen, men planane vart skrinlagd etter kraftig motstand frå lokale innbyggjarar og miljøvernsgrupper.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zengő» frå , den 24. september 2007.

Kategori:Fjell i Ungarn