Sió er ei kanalisert elv sentralt i Ungarn. Elva er det einaste utsiget frå Balatonsjøen og renn ut frå innsjøen ved byen Siófok. Ho går gjennom byen Szekszárd, og eit par kilometer aust for byen renn ho ut i Donau. Sió renn gjennom dei ungarske fylka Somogy, Fejér og Tolna.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sió» frå , den 25. september 2007.
Kategori:Elvar i Ungarn Kategori:Sideelvar til Donau