Baja er ein by med fylkesrettar og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Bács-Kiskun i regionen Den sørlege store sletta i Ungarn.

Baja ligg sør i Ungarn, om lag 150 km sør for Budapest og 108 km sørvest for Kecskemét. Byen ligg ved Donau og er den nest største byen i fylket etter Kecskemét med om lag 35 000 innbyggjarar.

Det ungarske namnet på byen kjem frå tyrkisk og tyder «okse». Baja hadde òg tidlegare det tyske namnet Frankenstadt.

Folketal Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2022 Baja 37 916 36 267 33 140

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar med fylkesrettar i Ungarn Kategori:Byar i Bács-Kiskun fylke Kategori:Busetnader i Baja distrikt Kategori:Byar ved Donau