Strandbuen er ei lokalavis som blir utgjeven i kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand i Ytre Ryfylke. Hovudkontoret ligg på Jørpeland, medan eit lokalkontor ligg i Sande Næringsbygg i Hjelmeland kommune. Avisa kjem ut to dagar i veka, onsdag og fredag.
Historie Strandbuen vart starta opp i 1964 av Jørpeland handelsforening. Jæren Avis AS overtok alle aksjane i avisa i 2001. I 2009 åtte Strandbuen 46,5 % av aksjane i den konkurrerande avisa Bygdaposten for Hjelmeland. I løpet av sommaren og hausten 2009 kjøpte Strandbuen dei siste 53,5 % av aksjane i Bygdaposten, og dei to avisene gjekk saman frå nyttår 2010.
Opplagstal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Aviser i Rogaland Kategori:Strand kommune Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser skipa i 1964 Kategori:1964 i Noreg