mini|Kerlingarfjöll sett frå vegen Kjölur.

Kerlingarfjöll er ei fjellkjede på Island med ei høgd på 1 477 meter over havet. Det ligg på Det islandske høglandet nær vegen Kjölur. Det vulkanske opphavet til desse fjella ser ein på dei mange varmekjeldene og småelvane i området, og dei er faktisk ein del av eit stort vulkansystem på 100 km². Vulkanane i kjeda er tuyaer.

Jordsmonnet er skimrande raudt i området på grunn av den vulkanske rhyolittsteinen som fjella består av. Mineral frå dei varme kjeldene har òg gjeve bakken gul, raud og grøn farge.

Området hadde tidlegare eit sommarskisenter, men det vart lagt ned i 2000.

Sjå òg Vulkanar på Island

Bakgrunnsstoff Bilete frå isafold.de *Bilete frå wanadoo.nl Turguide med bilete

Kjelde

Kategori:Fjell på Island Kategori:Vulkanar på Island