mini|Kart over Vestfirðir.

Vestfirðir (Vestfjordane på norsk) er ei halvøy nordvest på Island. Ho er forbunde til resten av Island via eit 7 km breitt eid mellom Gilsfjörður og Bitrufjörður. Vestfirðir er særs kupert og langs kysten stikk fleire fjordar inn i dei bratte fjellsidene. Klippene ved Látrabjarg består av det lengste fuglefjellet i Nord-Atlanteren og er det vestlegaste området på Island. Isbreen Drangajökull ligg heilt nord på halvøya og er den femte største i landet, men den einaste isbreen i området.

Sidan ho er så kupert er området ikkje passande for jordbruk, men gode naturlege hamner i dei mange fjordane og gode fiskeområde i nærleiken er viktige for den lokale økonomien. Vestfirðir er tynt folkesett og i 2023 budde det totalt 7 400 innbyggjarar i området. Den største byen er Ísafjörður (om lag 3000 innbyggjarar), som er eit senter for handel, administrasjon og transport i området.

Busetnadar i Vestfirðir Bolungarvík Brjánslækur Ísafjörður Tálknafjörður Flateyri Suðureyri Súðavík Bíldudalur Þingeyri Patreksfjörður Skálanes Reykjanes Hólmavík Drangsnes

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Westfjords» frå , den 5. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar på Island Kategori:Halvøyar på Island