mini mini|Þórsmörk hausten 2005 Þórsmörk er ein dal på Island som er kalla opp etter den norrøne gudenTor. Han ligg sør på Island mellom isbreane Tindfjallajökull og Eyjafjallajökull. Øvst i dalen ligg Mýrdalsjökull og med høge fjell i tre endar har dalen mildare klima enn resten av Sør-Island.

Elva Krossá renn gjennom dalen. Krossá er ei svært gamal elv som kjem ned frå breane. Det kan vere farleg å krysse elva, men det er bygd ei bru for fotgjengarar. Den verna dalen har grøn vegetasjon som mose, bregne og bjørkeskog.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Bilete på thomasrichter.de Bilete på physik.uni-halle.de Bilete på frank-voi.de Bilete frå www.islandsmyndir.is

Kjelde

Kategori:Sør-Island Kategori:Dalar på Island