Glymur er den nest høgaste fossen på Island med eit fall på 196 m. Han var lenge rekna som den høgaste fossen i landet, fram til Morsárfoss ved Morsárjökull blei målt som den høgaste i 2011.

Glymur ligg inst i Hvalfjörður. Etter at ein tunnel opna under denne fjorden kjem det lite folk til området, som er svært vakkert med vulkanar og treplantasjar.

Elva Botnsá renn ut frå Hvalvatn og etter ei kort stund renn ho langs vulkanen Hvalfell inn ein ravine med grøn mose. For å kome til fossen må ein køyre til Botnsá, ei lita grend med sommarhus kalla opp etter elva, og gå oppover fjellet (350 m) langs merkte stiar.

Sjå òg Fossar på Island

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Glymur» frå , den 9. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff Informasjon Bilete på eik.klaki.net Bilete på site.voila.fr

Kategori:Fossar på Island