Pete Townshend () er ein engelsk rockegitarist, songar, låtskrivar og forfattar som hovudsakleg er kjend som gitarist og låtskrivar i The Who. Han har ein karriere som har vart over 40 år og leia bandet gjennom ein periode då bandet vart eit av dei viktigaste påverknadskjeldene i rockehistoria. The Who er òg kjend som eit av dei beste konsertbanda nokon gong.Rolling Stone Magazine First Annual Lifetime Achievement Award in Live Music

Townshend vart den viktigaste låtskrivaren for The Who, og skreiv over hundre songar for dei elleve albuma deira, inkludert rockeoperaene Tommy og Quadrophenia, albumet Who's Next og mange fleire songar gjeve ut på singlar, bonusspor og samlingar. Han har òg skrive over hundre songar for soloalbuma sine. Sjølv om han hovudsakleg er kjend som gitarist, er han òg ein habil songar og pianist, og han speler fleire andre instrument på soloalbuma, som banjo, trekkspel, synthesizer, piano, bass og trommer. Av musikkmagasinet Rolling Stone er han kåra til den 50. beste gitaristen gjennom tidene.

Han har òg skrive mange artiklar for aviser og magasin, bokmeldingar, essay, bøker og manuskript.

Diskografi Who Came First (1972) Empty Glass (1980) All the Best Cowboys Have Chinese Eyes (1982) Scoop (1983) White City: A Novel (1985) Another Scoop (1986) The Iron Man: A Musical (1989) Psychoderelict (1993) A Benefit For Maryville Academy (1998) Live: The Fillmore (2000) Live: The Empire (2000) Live: Sadler's Wells (2001) Live: La Jolla (2001) Scoop 3 (2001)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pete Townshend» frå , den 3. mai 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell side

Pete Townshend's Eelpie Utstyret til Pete Townshend 'A Different Bomb' av Pete Townshend Rolling Stone-intervju i 1970 The Man Who Hears Music Pete Townshend: Classy and Articulate (1982) på Crawdaddy!

Kategori:The Who Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar