Rathlin (irsk Reachlainn) er ei øy utanfor kysten av County Antrim i Nord-Irland og er det nordlegaste punktet i Nord-Irland. Ho ligg 10 km frå fastlandet og er den einaste busette øya utanfor Nord-Irland og den nordlegaste busette øya på irskekysten. Øya er forma som ein L og er 7 km frå aust til vest og 4 km frå nord til sør. Øya ligg berre 25 km frå Mull of Kintyre, sørenden på Kintyrehalvøya i Skottland.

Øya har ferjesamband frå Church Bay til Ballycastle på fastlandet, som ligg 10 km unna.

Natur Rathlin er ein av 43 spesielt verna område i Nord-Irland. Her finn ein store koloniar med sjøfugl, inkludert krykkje, lundefugl og alke. Klippene på øya er 70 meter høge .

Historie I følgje Ulster-annalane var Rathlin den første irske øya som vart plyndra av vikingane då kyrkja og bygningar på øya vart brend i 795.

Rathlin var åstad for ein massakre i juli 1575 då jarlen av Essex sende ein styrke til øya leia av Francis Drake og John Norreys. Engelskmenna tok livet av hundrevis av kvinner og born i MacDonnell-klanen som heldt til her.John Sugden, "Sir Francis Drake", Touchstone-book, Simon+Schuster, New York, ISBN 0-671-75863-2

Det første kommersielle trådlause telegrafsambandet i verda vart oppretta mellom East Lighthouse på øya til Kenmara House i Ballycastle den 6. juli 1898.northantrim.com - Guglielmo Marconi 1874-1937

Tidlegare hadde øya rundt tusen innbyggjarar, men i dag er det berre 75 fastbuande att. Det kjem derimot mange folk til øya om sommaren og dei fleste kjem for å sjå klippene og den store bestanden av sjøfugl.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rathlin Island» frå , den 17. oktober 2007. oppgav desse kjeldene:  

Kultur i Nord-Irland

Bakgrunnsstoff Antrim.net si side om Rathlin Rathlin naturreservat Skisser av gamledagar i Nord-Irland Bilete av Rathlin

Kategori:Irske øyar Kategori:Øyar i Nord-Irland Kategori:County Antrim Kategori:Nordlegaste punkt