County Meath er eit grevskap i Republikken Irland aust på Irland i provinsen Leinster. Det vert òg kalla The Royal County, men dette har aldri vore eit offisielt namn. Administrasjonsbyen er Navan, men enkelte offentlege kontor ligg òg i Trim, som er ein historisk viktig by.
County Meath grensar til Louth, Monaghan og Cavan i nord, Westmeath i vest, Kildare i sør og Dublin i aust. I tillegg har Meath kystlinje mot Irskesjøen.
I nyare tid har det vore ei forflytting av folkesetnaden i Meath, slik at dei nordlege og vestlege delane har opplevt utflytting, medan det i den austlege delen har kome mange innflyttarar, dei fleste frå Dublin.
Meath var opphavleg kjernen i ein eigen provins, Meath, men denne vart ein del av Leinster. Grevskapet omfatta heile Westmeath fram til 1543, då Westmeath vart eit eige grevskap.
I mellomalderen sat overkongen av Irland på Tara i Meath. Staden er derfor kulturelt viktig for irane. Ei anna viktig historisk stad er den 5000 år gamle gravstaden Newgrange, som er ein verdsarvstad.
Byar og landsbyar Byar Navan Ashbourne Trim Kells
Landsbyar Athboy Ballivor, Bellewstown, Bettystown Clonard, Clonee Duleek, Dunboyne, Dunderry, Drumconrath, Dunshaughlin Enfield Gormanston Julianstown, Kildalkey, Kilmessan Laytown, Longwood Mornington, Moynalty Nobber Oldcastle Rathmolyon, Ratoath, Robinstown Slane, Skryne, Summerhill
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «County Meath» frå , den 25. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Meath