}} Komma (,) er eit skriftteikn som hovudsakleg blir brukt til å markera små skilje og pausar inne i setningar. Det er også brukt som desimalskiljeteikn i Noreg og fleire andre ikkje-engelskspråklege land. Kommaet er ofte forma som ein apostrof eller eit enkelt sitatteikn, men blir plassert nede på linja. Det kan vera utforma som ein enkel skråstrek, ei lett krumma linje eller som eit lite fylt 9-tal.

Ordet «komma » kjem frå gresk (κόμμα) og tyder'innskjering'. Teiknet blir brukt på mange språk, typisk til å skilja leddsetningar og ord i opplistingar. Nøyaktig kva tid ein bruker og ikkje bruker komma skil seg likevel mellom ulike språk og tradisjonar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Comma» frå , den 8. mars 2012.

Bakgrunnsstoff Kommaregler ved Språkrådet

Kategori:Skiljeteikn Kategori:Ord av gresk opphav