Squillacebukta (italiensk Golfo di Squillace; latin Scylleticus Sinus eller Scyllaceus Sinus; gresk Σκυλλητικὸς κόλπος, Skullitikos kolpos) er ei bukt i Det joniske havet langs kysten av Calabria i Italia.

Bukta, som er kjend for den vakre naturen, er ein del av Det joniske havet og utgjer delar av austkysten av regionen Calbria. Ho har fått namn etter kystbyen Squillace.

I antikken vart bukta kalla Scylleticus Sinus, etter byen Scylletium, som Strabo nemner ligg på austkysten av Bruttium (i dag Calabria).(Strab. vi. s. 261.) Det har vore mange skipsforlis i bukta gjennom tidene og ho har ingen naturlege hamner langs kysten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gulf of Squillace» frå , den 30. oktober 2007.

Kategori:Bukter i Italia Kategori:Bukter i Middelhavet