Esquilinhøgda er ei av dei sju høgdene i Roma. Den sørlegaste toppen heiter Oppius.

Etymologi Opphavet til namnet Esquilino vert framleis mykje debattert. Ein teori er at åsen vart kalla opp etter dei mange steineikene, exculi, som stod her. Ein annan teori er at like etter Roma vart grunnlagd så var Kapitol, Palatinerhøgda og dei nordlege delane av Celio som var busett. Desse innbyggjarane vart rekna som inquilini, 'innanbys', medan innbyggjarane utanfor desse områda vart rekna som exquilini, 'utanbys'.

Historie Åsen stig opp frå dalen der Colosseum seinare vart bygd og var eit fasjonabelt bustadområde. Ved åsen Oppius konfiskerte keisar Nero ein eigedom for å bygge sitt ekstravagante, kilometerlange Domus Aurea, og seinare bygde Trajan badet sitt her. Restane av begge er framleis synleg i dag. Lenger nordaust, ved toppen Cispius ligg Basilikaen Santa Maria Maggiore.

I 1781 vart marmorstatuen av ein diskoskastar, den såkalla Discobolus av Myron, oppdaga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Esquiline Hill» frå , den 30. oktober 2007.

Kategori:Åsar i Italia Kategori:Roma