Kaeo (maori Kāeo) er ein busetnad om lag 22 km nord for Kerikeri i Bay of Islands i regionen Northland på New Zealand. Han har fått namn etter eit særeige skaldyr som finst i Whangaroa Harbour like ved. Byen hadde 495 innbyggjarar ved folketeljinga i 2006.

Kaeo har vore i nyhenda ettersom byen opplevde to «150-årsflaumar» med tre månadars mellomrom. Heimar og butikkar vart overfløymde, og den lokale grunnskulen fekk store skadar.

Bakgrunnsstoff The Heart of Whangaroa

Kategori:Busetnader i Northland