Grünsee (italiensk Lago Verde) er ein liten innsjø i den vestlegaste delen av Pflerschdalen (ein sidedal til Isarco nedanfor Brenner) i ei høgd på 1 680 meter over havet.

Som eit typisk fjellvatn er vatnet svært reint og er kaldt sjølv på sommaren. Kjelda til innsjøen er regnvatn og smeltevatn frå is og snø. Stundom har vatnet ein grønaktig farge, som har gjeve namn til innsjøen. Her finst fisk som aure og karpe.

Vatnet i innsjøen renn ut under bakken via Fernerbach

Kjelder

Kategori:Innsjøar i Italia