mini|Odin (1825-1827) av H.E. Freund. Skulptur av guden med ulvane ved føtene.
Gjere og Freke er i norrøn mytologi namna på Odin sine to tamme ulvar. Namna tyder noko nær «gråde» og «råskap». Odin har sjølv temja dei, og dei lyder han som hundar.
Snorre Sturlason i Gylvaginning gjev inntrykk av at det er desse ulvane Odin gjev all maten han blir servert i Valhall. Odin treng ikkje sjølv mat, han kan klara seg berre på vin.
Ulvane vert og nemnd i Grimnesmål (tala til Grimne). Grimne er eitt av Odin sine mange namn.
Gjere og Freke mettar geir-hæve fræge Herjafar; men av vin einast våpen-gjæve Odin alltid lever.
Kjelder
Kategori:Mytologiske ulvar Kategori:Dyr i norrøn mytologi