Bellavista er eit fjell i Berninafjella på grensa mellom Italia og Sveits. Fjellet grensar til Fuorcla Bellavista i aust og Pass dal Zupò i vest. Det er fire toppar på hovudryggen med høgder på 3 799 m, 3 888 m, 3 890 m og 3 922 m frå aust til vest.
Første gong alle fire toppane vart kryssa var 10. september 1868 av Emil Burckhardt og Hans Grass. C. C. Branch og B. Wainewright med Martin Schocher som guide var dei første til å først krysse Bellavista-toppane og så dei tre toppane på nabofjellet Piz Palü 19. august 1889.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bellavista (mountain)» frå , den 11. november 2007. oppgav desse kjeldene: Collomb, Robin, Bernina Alps, Goring: West Col Productions, 1988
Bakgrunnsstoff
Bernina-massivet på SummitPost
Kategori:Berninafjella Kategori:Engadin Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden Kategori:Internasjonale fjell i Europa