Falterona er eit fjell i Dei nordlege Appenninane i Italia med ei høgd på 1 654 meter over havet. Det er ein del av nasjonalparken Parco nazionale delle Foreste Casentinesi.
Grensa mellom provinsane Firenze, Arezzo og Forlì-Cesena går langs toppen.
Fjellet, som hovudsakleg består av sandstein, er dekt av bøk og på den eine sida finn ein kjelda til elva Arno (ved den såkalla Capo d'Arno).
I aust ligg det eit søkk i terrenget med restane av ein innsjø. Her er det funne fleire etruskiske statuar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Monte Falterona» frå , den 13. november 2007.
Kategori:Appenninane Kategori:Fjell i Italia