Karl Ludvig Reichelt (), også kjend som Kalle Reichelt, var ein norsk lege og dr.med. Han er mest kjend for forskinga si på dei opiode peptidane i gluten og kasein som han meiner viser seg ved proteinintoleranse (hyperpeptiduri). Han har òg forska på chalonar og kreft.
Reichelt avla den medisinske doktorgraden, PhD, ved UiO i 1972 med avhandlinga An investigation into the nature and function of anionic acids, peptides, and acid-soluble proteins from brain tissue.
Etter teorien til Reichelt er det når dei opioide peptidane går gjennom tarmbarrieren og inn i blodbana at det er et problem om ein har mangelfull aktivitet i enkelte enzym. Dette kan medføre at ein person mellom anna får ADHD, autisme, schizofreni, asperger syndrom eller depresjon. Reichelt har forska fram ein urinpeptid-prøve som ein kan ta for å påvise om ein har proteinintoleranse. På bakgrunn av denne testen og eventuell blodprøve, kan ein så forsøksvis gå fram med å prøve ut gluten og kaseinfri diett. Det er ikkje brei semje om teorienPuls 14.1.2008.
Mykje av forskinga var gjort i samarbeid med Madlavoll skule i Stavanger og professor Ann-Mari Knivsberg på Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.
Pasientforeininga Mat og Atferd (før 2018 Norsk Proteinintoleranseforening) er oppretta på bakgrunn av Reichelt si forsking.
Reichelt arbeidd frå 1978 ved Pediatrisk forskningsinstitutt på Rikshospitalet. Til midten av 2012 var han seniorforskar og rådgjevar.
Karl Ludvig Reichelt fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2004.
Kjelder
Reichelt, K. L. (1972). An investigation into the nature and function of anionic acids, peptides, and acid-soluble proteins from brain tissue.
Bakgrunnsstoff Collected Net Articles of Kalle Reichelt, M.D Nytt kosthold mot atferdsvansker - Lesesenteret Universitetet i Stavanger Problematiske proteiner - Mat og Helse, april 2005 Når mat kan fremkalle psykoser - Apollon Forskningsmagasin 01.01.1997 Foreininga Mat og Atferd
Kategori:Norske biologar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske legar