Hans Henrik Holm () var ein norsk lyrikar frå Oslo, mest kjend for eit lyrisk «folkeepos» skrive i eit arkaisk språk med røter i gamalt telemarks- og setesdalsmål.

Hovudverket, folkeeposet som utkom 1933-1971 i sju band, er bygd over mytologisk og folkloristisk stoff. Holm var omstridd heilt frå han debuterte som diktar. Det arkaiske språket er vanskeleg å lese utan stød i ordforklaringar. Likevel fann Holm etterkvart eit lesande publikum. Bokmeldaren Olav Dalgard i Dag og Tid fann det arkaiske språket moderne: «Den gongen skulle alt vere så dagklårt og tydelig i alle måtar. No verkar dei mange framandslege glosene diktaren har henta fram or ordbøker og gamle målføre, og blenkt opp att som symbol for gamle truer og «mytisk tenkesett», langt meir moderne i samsvar med dagens krav på eit nytt suggestivt formspråk i lyrikken».

Mange reagerte òg på dei høge måla han sette for diktinga si.

Holm vart utnemnd til statsstipendiat i 1957, og han hadde kunstnarløn frå 1961.

Etter at Hans Henrik Holm døydde, vart diktarstova hans demontert frå leilegheita han hadde i Karl Johans gate 23 i Oslo og flytta til Setesdalsmuseet på Rysstad.

Bibliografi Folke-eposet I Jonsoknatt. 1933. Fyrsteutgåva llustrert av Frøydis Haavardsholm Ny umvølt utgåve 1965. Lyrikk II Yver bygdi ligg himeriksheim. 1966 III Stjørnir og vetteljos. 1967 IV Sòga um kapergastane og deira våde-råm. 1968 V Valds-makt bland dalbuom. 1969 VI Attljód frå skuggheimen. 1970 VII Kongsfuglen yver gullfjølli. 1971 Hard-røynd frå havland og dalsògur, Litt ettergruning ved sluttboki av «Norsk folkeepos» 1972 (prosa) ISBN 82-05-00888-4

Bøkene er illustrerte med originaltresnitt av Niclas Gulbrandsen, Inggard Rosseland og Hans Gerhard Sørensen, prenta frå treplater beinvegs i bøkene,

Bygdir i solrøyk I lauvheid um vår. 2 bd. 1949. Dikt Folk og fant. 2 bd. 1950. Dikt Fjøllsus i dalgrøda. 2 bd. 1951. Dikt

Trakkferd i fjøllgrendom. Eit utval frå diktsyklusen Bygdir i solrøyk ved Willy Dahl. Gyldendal, 1977

Anna Sòga um Gamle-Kari og hennar himil-ferd. 1938. Prosa Om norsk folkesjel. I: Studenterboka 1940. Guds gnistrende ildfluer. 1941. Dikt Raudt nordlyse : vilje-kveik og lentur i ei vargetid. 1946. Dikt Vårhelg i Gaukelikleiv. 1947. Dikt Fugl Føniks i eplehagen : visjoner i synd og lyst. 1948. Dikt Illversrid : Visefugg frå krigsåri. 1950. Dikt

Heilagkvæde. Utval og forord av Kåre Langvik-Johannessen. Gyldendal, 1979 Soldryss i vårskogen. 1984

Priser og utmerkingar Gyldendals legat 1950

Bakgrunnsstoff

Om diktaren Fraenkl, Pavel. «Eit kritisk tilskott til Holms diktning». I: Syn og Segn, 1959 Hans Henrik Holm : Dikting og gransking gjennom 25 år. Damm, 1958. Omslagstittel: Hans Henrik Holm og det bygdenorske Langvik-Johannessen, Kåre. «Hans Henrik Holms episke kunstverk». I: Ergo, 1978 Viestad, Haftor J. «Gobelin Norge. En innføring i Hans Henrik Holms Norsk folkeepos». I: Edda, 1969, 3 Kåre Langvik-Johannessen: utdjupande artikkel om Holm på snl.no

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Folk frå Oslo