Ambjørg Sælthun () var ein norsk bonde og senterpartipolitikar.

Sælthun var medlem i talrike lag, som Norske Kvinners Nasjonalråd, og leiar i fleire av dei, som Sogn og Fjordane Bondekvinnelag, Senterkvinnene og Nordens lands kvinner.

Ho var stortingsrepresentant i tidsrommet 1973-1985, og varapresident i Stortinget i 1981 til 1982.

Sæthun var opphavleg frå Ål i Hallingdal, men busette seg på Seltun i Lærdal. I tillegg til politikken var ho engasjert i målrørsla, mellom anna som styremedlem i Det Norske Samlaget og i det målpolitiske rådet til Det Norske Teatret.

Ambjørg Sælthun er mor til politikaren Lasse Sælthun og NRK-medarbeidaren Ragnhild Sælthun Fjørtoft.

Referansar

Bakgrunnsstoff «Ambjørg Sælthun» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Lærdal Kategori:Sp-politikarar i Sogn og Fjordane Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Ål Kategori:Folk frå Lærdal